Har ikkje slutta blogge, neida. Berre tatt ei pause, litt ufrivillig eigentleg. Det har seg slik at eg har kasta vekk minnebrikka i kameraet mitt, og får no aldri sosa meg til å kjøpe nytt... Men i morgon skal eg!! Så desse bileta er tekne med mobilen min. Eigentleg ikkje så mykje nytt å berette frå residens Ulla Otterlei heller, anna enn at eg i dag har starta på FERIE!!!! youhoo, herlig!!! Skal ha tre veker fri no, og det blir godt. Vi skal ikkje på ferie, då verveggen på Fjørtofta er sleten og må skiftast. Slik er det å ha fritidshus:) Når det er gjort, står nok Klæberget for tur og veka etter det, tek vi oss ein kosetur til Molde på Molde fjordstuer. Då får jentene prøve Moldebadet, og det gler dei seg til:)Lillefrøkena på bildet øverst, har forresten no slutta med bleie:) Det var nok aller først og fremst mor i huset sitt krav, men ho er også veldig innstilt på det sjølv:) I går kveld ville ho heller ikkje ha bleie når ho la seg, og det gjekk veldig fint:) Så no håper eg at bleiane er kasta for godt, sjølv om uhella nok vil kome i hopetal:)
Storejenta mi, har vore med på jonsokforestillinga til Ul Fram. Dei viste "Trollmannen frå Oz" i år, og det var fantastisk bra!! I tillegg har Emilie og Synne vore ei veke på Hildre på rideleir. Det synest dei var kjempekjekt! Dei tok ferja over sjølv, og synest det var stor stas:)
Innimellom prøver eg å få laga litt ting til Klæberget, som skal vere siste helga i juli:) Vi gler oss:)
Sjølv om veret ikkje har vore på vår side, så har no jentene fått testa bassenget til tante Sissel og onkel Sveinung. Ser rett sommarsleg ut her, men tru meg, det var ISKALDT!
Gangen vår er snart ferdig, manglar "kun" golvlister. Eg har likevel innreidd den, og her ser de det flottaste "heimeavla" villsauskinnet på jord! Det prydar min flotte korgstol som eg fekk i bursdagsgåve:) Skal kome sterkt tilbake med skikkelege bileter frå gangen min, når eg får ny minnebrikke...Så folkens, i morgon reiser eg på Fjørtofta på ferie:) Vi skal kose oss der, og så kjem eg sterkt tilbake med bileter etterkvart:)
God ferie alle saman!
1 koslige kommentara:
gleda mej til å sjå!! :) god ferie! :)
Legg inn en kommentar