
Dei siste tre vekene, har det vore noko på programmet KVAR einaste dag! Det er kjekt, men også veldig slitsomt... Difor var det godt å vakne kl 1030 i dag (alle sov til då;)) og vite at vi kunne gjere akkurat det vi ville og når vi ville det:) Vi tusla oss opp og åt ein god frukost. Då fekk vi besøk av to kjekke jenter, og dei ville gjerne vere med oss til Ulla på tur:) Vi gjekk til holmen, der vi fekk helse på sauane. Altfor lenge sidan vi har vore der no, så lamma var nesten ikkje lam lengre! Vi hadde med litt brød, slik at jentene fekk mate:)

På holmen er det ikkje fugleskremsel, men UGLEskremsel, hihi:) Det skal halde ravn og andre eklinger vekke frå dei søte små lamma våre:)

Leiting etter krabbe på fløande sjø, er ikkje det enklaste. Men fangsten vart no likevel tre søte små, som fekk seg eige akvarium;)

Vi fekk "besøk" av Trine og jentene, og ho hadde med seg lighter slik at vi fekk fyrt opp eit bål. Trudde ikkje det kom til å brenne, då rakveden var ganske så fuktig. Men det brann både vel og lenge, og jentene synest det var veldig spennandes:)

Urutinert i friluftsliv som vi er, så hadde vi sjølvsagt ikkje med mat til å grille på bålet då... Men vi hadde sjokolade og cola;)

Vi var på holmen i nesten fire timar, og det var 18 grader og kjempedeilig der! Så kjekt når ungane puslar og har det kjekt:) Etterpå inviterte vi Trine og jentene med heim og fyrte opp grillen heime.

Ein kjekk dag med kjekke ungar er no over og i morgon er det på ny kvardag:)
6 koslige kommentara:
Gjer sej me en fridag av å te :) men de vakje so mykje avslapping på dokke då! :)
Alltid kjekt med en tur på holmen. Paradis for ungane der ute! Gjor sej vel med en fridag no, tenke ej! Gle mej ej med! ;)
Kjekt med ein tur på ullaholmen, berre synd at jentene mine er så redd for alt som er dyr...
nice post!
Det så hærlig ut :-)
Hei igjen :-)
Bare ett lite tips :
Barneboden trekker Gavekort på 200,- kr
Ny sjangse - Hver måned
ALLE som har link til www.barneboden.no på bloggen sin er med i trekningen :-)
Se mer info : http://barneboden.blogspot.com/
eller på Facebook
Vil du være med ?
de har litt klær til dame også :-)
Legg inn en kommentar