
I år hadde eg endeleg nokre dagar samanhengande påskeferie, så då fann vi ut at vi hadde lyst å reise på ein liten påsketur. Og sidan Trine og Christian akkurat har kjøpt seg hytte på Bjorli, så stussa vi ikkje på å invitere oss sjølve dit;) Vi reiste søndag kveld og kom ned att tirsdag kveld. Ikkje mange dagane, men veldig kjekt å kome seg vekk litt.

Ungane kosa seg med å bu på hytte, og synest det var kjempesynd at vi skulle vere der så kort. Emilie held seg her oppdatert på kva venane heime driv med via MSN;)

Ikkje så veldig mykje snø att på Bjorli, pga ekstremt sein påske. Men fotballsparking, det gjekk fint:) Her er Hedda i godt driv:)

Karane slappa av på verandaen:)

Gullisen min:)

Ei UTRULEG flott hytte Trine og Christian har kjøpt seg!! Den var praktisk og lekker.

Største jentene søv på hemsen, og alle tre låg i same seng. Første natta, vakna eg av eit brak, og då var det Synne som datt i parketten;) hihi

Emilie var muffins-bake-sjef:)

Desse to var flinke til å vaske opp;)

Skisenteret på Bjorli, med lite og laus/våt snø...

Emilie fekk prøve slalom for aller første gong, og Christian var god instruktør! Ho fekk prøve seg i barnetrekket, og det gjekk så det suste:)

Ho fekk låne Trine sitt utstyr, og det var vel litt lange ski og tunge sko til en 10-åring, men ho fekk iallefall prøve bakken:) Kult at en kunne lene seg bakover UTEN å dette;)

Ho var litt nervøs, men stussa ikkje på å ta trekk for aller første gong heilt åleine! Flinke jenta mi det:)

"Mamma, ditta va kjempegøy!!" Det sa ho laurdagen. Søndagen, sa ho: "Mamma, ditta va det VERSTE ej he vør me på!!".... det va ette at karane hadde tatt ho med i stolheisa (Emilie har ekstrem høgdeskrekk...) opp i øverste og brattaste bakken på Bjorli.... Stakkars vennen min, ho var heilt skrekkslagen og hadde brukt ein time på å kome seg ned att.... Så neste gong nøyer vi oss med barnetrekket, ja:)

Søndagen laga Trine lekker lammelårmiddag!! Mmmmm, gooodies!!

Luremusene, Hedda og Frøya:)
6 koslige kommentara:
Tusen takk for besøket! Det var kjempekjekt og vi håper på fleire besøk! Fredrikke var skikkelig lei seg da dokke reiste, det var så kjekt å ha besøk av Synne og Emilie. Satser på Emilie får att "go-følelsen" i skibakken til vinteren igjen, og da med meir passandes ski. Og fleire som renn ilag:-)
He he.. fine hytta mi og christina... ;-)
Haha, gjeng litt fort i svingane av og til;) He retta det opp no:)
Ser at dere har kost dere på hyttetur ja! godt å komme seg litt bort en gang i blant. Jeg er kjempeimponert over Emilie som hiver seg på tallerkenheisen i barnebakken sånn uten videre. Hun er jammen ikke skvetten! Klart det er litt voldsomt å kjøre ned "voksenbakken" første dagen på slalomski, det hadde nok gjort hvem som helst litt skjelven i bena. Mine unger hadde mer enn nok med barnebakke første dagen de prøvde slalomski.
Mange flotte bilder. Kjekt med påsketur sjølv om det ikkje er så mange dagane. Og Emilie var ei tøffina!
Flotte bilder :)
Legg inn en kommentar