28.03.11

OPPSAMLINGSHEAT.....

Eg har absolutt ikkje gitt meg på blogginga folkens, eg ventar berre på at motivasjonen både for det og for fotografering skal kome tilbake... Har ikkje knipsa eit bilde med kameraet mitt på denne sida av året, trur eg... Difor tenkte eg at eg kunne no publisere nokre av mobilbilda mine her da, berre for å vise at eg er i live;) Her er då litt av det eg har gjort i februar/mars:

Ramla i steintrappa på skulen på veg heim frå korpsøving... Det var minst like pinlig som det var låkt....;)

Hatt ei veke ferie, der eg starta på ei sårt etterlengta oppussing av gangen vår! Hedda er flink medhjelpar;)

SKREKKELEG farge!!!! Og slik har eg hatt det i over ti år!! Tenk det! No blir den lys og fin:)

Trappa har og fått seg lys måling:)

Eg klarte å få Hedda til å sete stille lenge nok til at eg faktisk klarte å FLETTE håret henna! Fint med langt hår, men særdeles upraktisk no på denne årstida... Ein lagar det fint og godt til, men så kjem hua på, og då er alt øylagt. Men fletter, det held lengre:)

INGALÅMI;) Der var vi:) 15 km på ski i strålandes sol på Lillehammer!

Eg var særdeles spent, for utan å underdrive, så har eg hatt ski på beina EIN gong sidan ungdomsskulen... Kan trygt seie at eg ikkje er nokon skientusiast.... Men eg starta med friskt mot, og sjølv om gamletantene susa forbi meg, så er eg godt fornøgd med å ha klart å gjennomføre! Og det med kun TO fall;) Youhoo, eg er klar for neste år eg:)

Masse kvinnfolk, klare til start. Rundt 4000 deltok, så det var inndelt i startpuljer. Vi (eg, Trine, Anja og Hege) reiste nedover fredag morgon, og kom heim søndag. Vi låg på hotell, og hadde ei superkjekk helg!

I mars, så var vi på Framtun på bingo;) og gjorde reint bord;) hahaha

Hedda og Lady "kosar" seg og ser barne-tv:) Lady er ikkje like glad i å måtte sete slik som vi menneske;)

Hedda lærte seg å "blunke":) Lurejenta:)

Eg og Hedda trilla til Ulla:) Fint og kaldt:)

Ellers så kan det nemnast at eg er tilbake i jobben min på kvileheimen etter eit halvt års vikariat i heimebasert, og eg har opplevd å gått nesten halve Ørnevegen på glatta;) hihi

Lovar å kome sterkare tilbake med blogginga no etterkvart:)

4 koslige kommentara:

Stine sa...

Så kjekt med oppdateringer da! Mange flotte bilder og ikkje minst informativt ditta her! Bingo og greier...hihi.
Venter spent på bilder av ny-gangen no:-)

Hege sa...

Dette var "storveies" som vi sier i trøndelagen!! Utrolig kjekt å se bilder og lese om alt dere har holdt på med i det siste. Dagene går fort og det er ikke alltid det blir ork til å prioritere blogging.

Veronica sa...

ei kjekk oppsummering :)

Lillabethos sa...

Flott oppdatering! Så kjekt å se bilder av hverdagen deres:)
Ha en riktig god helg!!!