Utsetter trekning til onsdag:0)
3 timer siden
Ikkje så masse nytt som skjer i heimen vår om dagane, men vi har iallefall nytt det fine veret så godt vi berre har kunna! I går trilla eg og Hedda på håneset. Det var herlig, og det er jamen lenge sidan vi har trilla tur! I dag har Synne fri, så då har vi vore ute og raka litt lauv som vi leika oss i, baka bolla og ellers berre gjort ingenting:)
Synne er berre så utruleg glad i dyr, av alle sortar. Ho finst ikkje redd, og kosar seg ilag med dei. Sauane på holmen er ingen unntak:)
Det sat to havørner på kvar sin stein medan vi var på Ullaholmen. Eg og Emilie prøvde å snike oss innpå dei, for å ta gode bilder, men eg trur vi undervurderte fuglane kraftig.. Dei hadde full kontroll på oss heile tida, og når vi kom passe nært, letta dei og flaug. Det er i slike høve ein skulle hatt stoooor linse...
I dag nytta vi det fine veret og søndagen, til å ta oss ein tur på Ullaholmen. Vi hadde pakka med oss dragane våre, og heldigvis var det akkurat passe med vind til at dei kunne prøvekøyrast:)
I dag kom pakken med kleda som eg bestilte då eg hadde party forrige veke. Det var ein tunika og ein tights til Synne i velour. Det fall tydligvis i smak, for kleda kom på med ein gong og var på resten av dagen:) Skikkelig behaglig å gå i. Kleda er fra me&I
Ei lita oppdatering på vår sjukehistorie... Hedda er fremdeles veldig tett i bringa, men det høyrest ut som det kanskje er i ferd med å losne litt no. Har ikkje feber, så i dag har vi vore ute og nytt fineveret:) Eg sjølv har litt Mira Craig stemme, med tørr hals og litt hoste. Satsar på det gir seg snart:)

Då har eg bestilt billettar til meg, Synne og Emilie på ID huset fredag 13. (hjeeeeelp...) november. Vi skal sjå stykket Taremareby. Barnehagen jobbar med taremareby no, og sidan forfattaren Ingebrigt Davik, er frå Fjørtofta, må vi no berre sjå stykket)Fram og tilbake. Fram og tilbake:
Kom og bli med oss til Fiskeland!
Vi hoppar i båten og dreg i frå land.
Vi set oss på tofta og ror og ror,
Og snart er vi der kor fisken bor.
Fekk i utfordring frå Bjørn Harald, om å velge ut et bilde frå 4. eller 7. mappe på maskin mi, og deretter 4. eller 7. bilde og skrive litt om dette.
Lill sin flotte blogg, har runda 20000 "gjestar"! Dette feirar ho med utlodning av flotte heimelaga ting:) Eg har sjølvsagt slengt meg på lotteriet, og håper eg vert den heldige:) Stikk innom og sjå du og!
Kall det det du vil, uansett, eg heiv meg rundt og skulle bake kake til foreldrerådsmøte i morgo, og plutseleg hadde eg god "hjelp";) Greitt nok det, men alt går så masse betre åleine......
Heilt uten grunn, fekk eg denne flotte buketten med bestevennen min på laurdag:) Då blir eg no berre SO glad:)
Då er sesongen som oppmann for jente 8 over. Det har vore ein kjekk sesong, og det har vore artig å følgje desse 11 flotte jentene på turneringar og cupar:) Å vere oppmann er ein enkel og takknemlig jobb, som alle foreldre kan greie. Men trur likevel ikkje jobben blir ledig neste år, for eg har lyst å "ha" dei eit år til;)
Emilie og Synne leika seg så fint i kveld, og medan eg sat på dataen nokre få minutt, vart det lengre og lengre mellom kvar gong Hedda gjekk forbi meg, og til slutt gjekk ho ikkje forbi meg i det heile tatt... Når eg runda hjørnet ut til kjøkenet, smilte ei fornøgd lillesøster frå toppen av kjøkenbordet:) "Hei, mamma, berre leika med Emilie og Synne ej", likssom. Kan no nesten ikkje bli sint heller:)
Måtte berre legge ut eitt bilde av mi snille og gode storejente:) Emilie er ei aktiv og engasjert frøken. No har ho fritidssysler nesten kvar dag, og det går veldig greitt. Ho er med i kor, fotball, barneforening, teater, aspirant, speler piano og er ilag med venner. Ho er veldig flink med lillesøstrene sine, sjølv om det blir ein del krangling med den mellomste;) Emilie er veldig omtenksom, og har blitt ei jente som eg stoler fullt og heilt på:)
I går var det nok ein gong duka for sauesanking på Ullaholmen. Denne gongen skulle mange sendast til slakting, så det var med litt blanda følelser at desse to jentene deltok;) Spennande å sjå på sauane, men veeeeeldig trist med dei som måtte gå inn i bilen og bli køyrt til byen...
Ein kar frå Dryna kom med sine to hundar for å hjelpe til med å samle sauene, men det var kun denne tispa her som fekk oppdraget. Ho klarte å samle 300 ville sauar på ein liten halvtime! Imponerande! Synne sørga for at ho fekk lønn for strevet;)
Nora var på øya denne helga, og ho ville vere med utover for å sjå på samlinga. Jentene kosa seg så masse, at dei ikkje ville heim. Kjempekjekt det:)
Denne luringen her var heller ikkje så redd sauene denne gongen. Ho var mest bekymra for at skoa vart skitne når ho gjekk....?... Ikkje bra....
Jentene prøvde å telle sauer. Hihi, dei fekk sikkert søve godt i går kveld ja:)
Då var marius tunikaen til Emilie ferdig:) Ho har innvia den i dag på musikkøving, og eg trur den var godkjent;) Emilie likar ikkje strikka ting, men så lenge ho fekk ha genser under, gjekk det greitt.
